Quantcast
Channel: Litteraturhuset Fredrikstad
Viewing all articles
Browse latest Browse all 770

Kor vert det av dei stygge dialektane?

$
0
0
Kor vert det av dei stygge dialektane?

onsdag 5. mars
Klokken : 19:00 - 20:30

Pris: Gratis
Sal: Egalia, 3. etasje
Arrangør: Kringkastingsringen

Debatt om dialekt: Ungdommar i Fredrikstad snakkar ikkje lenger dialekta si. Dei tykkjer dei høyrest dumme ut når dei gjer det. Har media noko av ansvaret for at det er sånn?

Kringkastingsringen er ein organisasjon som arbeider for at nynorsk, dialektar og samisk skal få eit rettkome rom i norsk kringkasting og i media elles. I kjølvatnet av den populære tv-serien Dialektriket inviterer me til debatt:

Kor vert det av dei stygge dialektane?

Skarre-r på NRK-nyheitene er greitt, men er tjukk østfold-l like akseptert? Høyrer me toten-dialekta like ofte som me høyrer vossedialekt? Finst det eit dialekthierarki, og er radio- og fjernsynskanalane med på å oppretthalde dette? Kva mekanismar ligg bak fordommar mot «stygge» dialektar, og kva ansvar har NRK for å byggje ned desse fordommane?

Det blir høgt under taket, og gode moglegheiter for publikum til å stille spørsmål til paneldeltakarane. Vel møtt!

I panelet:

Janne Bondi Johannessen

Janne Bondi Johannessen

grete ruud

Grete Ruud

René Svendsen

René Svendsen

Magne Aasbrenn

Magne Aasbrenn

 

 

 

 

 

 

* Janne Bondi Johannessen, professor i lingvistikk ved UiO

* Grete Ruud, distriktsredaktør i NRK Østfold

* René Svendsen, redaktør Fredriksstad blad

* Magne Aasbrenn, leiar i Østfold Mållag.

 

Ordstyrar: Håvard B. Øvregård

 

Stad: Litteraturhuset i Fredrikstad

Tid: Onsdag 5. mars kl. 19.00

vektorlogo s-k


Viewing all articles
Browse latest Browse all 770